År
2015 - 2017
Budsjett
2 639 840 NOK

Om prosjektet

Short description: Through the use of theatrical methodology the cooperation will encourage restoration of the ex-offenders dignity, to take responsibility of their lives holistically. Description: The Project seeks for the South African Partners to adapt the Varde theatre approach, methodology which is “Help I am Free!. Free to do what?”, for socio-economic integration of offenders and ex-offenders to take up their right full positions in society. Through the use of theatrical methodology the cooperation will encourage restoration of their dignity, to take responsibility of their lives holistically. “Help I'm free” will continue in Norway with the addition of artistic competence and capacity from South Africa. In addition, the Participants from South Africa will provide experiences regarding working with inmates in Norwegian Prisons

I Pollsmoor Prison i Sør-Afrika har 20 innsette øva sidan april. På replikkar og scener – og på livet utanfor murane. No er gruppa klar med ei ny førestilling, «The Outsiders», som er basert på deira eigne opplevingar i det berykta fengselet i Cape Town.

Les også om prosjektet i Nettavisen

I kulissene står tre norske fredskorpsarar frå Vardeteatret, som har lært dei innsette å bruke teater til å meistre kvardagen.

- Dette er min sjanse

Pollsmoor Prison husar 8000 av dei verste kriminelle i Sør-Afrika. Gjennom teatertrening og samtaler med sosialarbeidar, gir fredskorpsarane dei innsette eit heilt nytt utgangspunkt for å møte livet utanfor murane etter at soninga er over.

- I Sør-Afrika seier ein 'ein gong kriminell, alltid kriminell'. Vi vil syne folk at tidlegare innsette er vanlege menneske. Menneske som deg og meg, seier fredskorpsar Stian Olderkjær.

Tjue kvinner og menn får ein ny sjanse gjennom prosjektet. Gjennom teatermetodikk og samtaler med sosialarbeidar Katrine Fjørtoft, får dei jobba med sjølvutvikling, mestring og måloppnåing. Konkurransen om å få bli med var hard, og dei som slapp gjennom nålauget er takksame for å ha fått moglegheita.

- Eg er så glad. Eg kjenner meg særs privilegert for å ha blitt vald ut. Dette er min sjanse. Eg vil vise alle saman at eg er ein suksess, seier ein av mennene.

Vil utfordre publikum

«Help! I am free» er no inne i sitt andre år som fredskorpsprosjekt. Hausten 2013 sto gruppa frå Pollsmoor for fyrste gong samla på den ei stor teaterscene, ved Artscape Theatre Centre i Cape Town. Teateret har blitt ein god samarbeidspartnar, og no gjentek dei suksessen med ny førestilling. Og denne gongen må dei sette opp ekstraførestillingar.

- Vi håper å utfordre fordommane publikum måtte ha mot kriminelle, og at dei går ut av salen med ei ny forståing av teater som eit verkty for rehabilitering, seier regissør og fredskorpsar Terje Halsvik.

Jobbar også i Noreg

Ved Ullersmo fengsel i Noreg endrar også teater framtidsutsikter. Der jobbar fredskorpsarar frå Sør-Afrika med dei innsette, og i fjor sette dei opp den kritikarroste førestillinga Güntania, ein rocka versjon av Peer Gynt.

Koordinator for prosjektet, Leif De Thurah Sørensen, fortel at heile 9 av 10 tidlegare straffedømde som deltek i prosjektet, får til å etablere eit godt liv utanfor murane. Dei hamnar ikkje tilbake i fengsel, seier han.

Dei same draumane om eit betre liv på utsida, har dei som står på scena i Sør-Afrika.

- Det er fantastisk å sjå korleis alle koplast saman med kvarandre i dette programmet. Sjølv om vi alle har ulike farger er vi som ein samla gjeng. Vi har dei same draumane og det same håpet, seier ein av skodespelarane frå Pollsmoor-fengselet.

Tøft fengselsmiljø

Fredskorpsar Stian Olderkjær er med på andre året, og seier han er stolt over kva dei har fått til. Men han understrekar at det ikkje har kome av seg sjølv.

- Det å jobbe i Pollsmoor er ei oppleving som er vanskeleg å beskrive. Vi står midt i det heile tida, og er blitt vand med å sjå og høyre historier om dei kummerlege forholda i fengselet.

Han fortel at det kan vere utfordrande å jobbe i fengselssystemet, men dei føler at dei har bygd respekt blant både innsette og tilsette for arbeidet dei gjer. Målet er å byggje eit partnarskap av sterke lokale organisasjonar som kan ta arbeidet vidare etter at fredskorpsprosjektet er avslutta.