Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota. Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta tak i. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som kan jobbe med vidare utvikling av NYO sitt datterselskap Kumudzi Kuwale Ltd.


Vi treng ein driftig person som kan vere med å vidareutvikle Kumudzi Kuwale Ltd. («landsbylys») som driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar i Malawi. Kumudzi Kuwale er eit dotterselskap av NYO, vart starta opp i 2013 og har 14 tilsette på hovudkontoret og kring 30 agentar. Selskapet driv to butikkar, ladestasjonar i rurale strøk og tar på seg større installasjonsoppdrag. Vi treng ein person som er interessert i å utvikle dette spanande sosiale føretaket vidare. Sjekk også heimesida og facebooksida til Kumudzi Kuwale.

Malawi vert ofte referert til som «The Warm Heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.



Arbeidsoppgåver:


Kvalifikasjonar og eigenskapar:


Praktisk: