Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Uganda Youth Skills Training Organisation (UYSTO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i hovudstaden Kampala. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i regionen. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som hjelpe UYSTO med å utvikle organisasjonen sin.

UYSTO jobbar med yrkesopplæring, karriererådgjeving og entreprenørskap for ungdom i Kampala. Kampala er ein storby med rikt kulturliv i eit land med stor vidde i naturopplevingane. Uganda er mellom anna kjend for fjellgorillaer, Nilens kjelde og Victoriasjøen.

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle organisasjonen og deira satsing på entreprenørskap kombinert med yrkesfagutdanning. Per i dag utdannar dei kring 40 elevar per år, men har planar om å utvide dette. Dei jobbar også med ulike prosjekt som karriererådgjeving, bærekraft og likestilling. Sjå meir på heimesida til UYSTO.

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

Praktisk: