Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota. Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta tak i. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som kan ta over etter den som er der i dag.

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle eit karrieresenter for ungdom under yrkesfagutdanning. Årleg utdannar dei kring 100 ungdom innan sveising, skreddar/design, byggfag, elektro og IKT. Karrieresenteret tilbyr rådgjeving og utdanning innan entreprenørskap til alle elevane. Dei støttar dei også med å skaffe seg jobb, eller starte for seg sjølv under og etter studiet. I tillegg vil rådgjevaren bli involvert i drift av eit kultursenter som driv ein restaurant, musikkskule, teikne- og danseklassar, i tillegg til å arrangere Nkhotakota Music Festival. Sjå meir på heimesida og facebooksida til NYO.

Malawi vert ofte referert til som «The Warm Heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

Praktisk: