I over 50 år har gåver i form av pengebistand frå land i nord til land i sør blitt gitt med auka grad av krav til måloppnåing og tilbakebetaling. Men det er ikkje i ei gåve si natur at den inneheld krav — då er det inga gåve. Derimot er det i gåva si natur at den som mottar ei gåve skal kunne få gje noko tilbake. 

Den franske filosofen Marcel Mauss studerte på 1900-talet eit stort antropologisk materiale frå heile verda med fokus på ein ting - delinga av gåver. Ei av fellesnemnarane til gåva, seier Mauss, er at den må verte gjengjeldt, for elles så vil mottakar vere i ei skamfull og uverdig posisjon vis-á-vis givaren. Det treng ikkje å være ei umiddelbar gjengjelding, snarare tvert i mot - det å ha uteståande utvekslingar av gåver bind folk og samfunn tettare saman.

Korleis har så mottakarane av bistand år etter år opplevd det å få gåver der einaste sjansen til gjengjelding har vore å skulle gjennomføre krava som følgde med gåva? Mykje av bistandens feil og manglar er knytta til det fråverande aspektet, nemlig gjensidigheit. Den norske antropologen Thomas Hylland Eriksen, som har studert Mauss’ tekster, har sagt at det er ein fundamental antropologisk innsikt at gjensidigheit er noko som gjer livet meiningsfullt. I oppsummering av bistanden kan ein då spørje kor meiningsfullt er det for folk og samfunn å mottar bistand utan å kunne gje noko tilbake?

I 1999 vart Fredskorpset nedlagt fordi det, som det meste av norsk bistand, hadde eit einsidig og einsretta fokus frå nord til sør. Samarbeidspartnarar i sør uttrykte at den type bistand hadde dei ikkje brukt for. Fredskorpset gjenoppstod så i 2001 etter vedtak i Stortinget med formålet om å leggje tilrette for gjensidig utveksling av personell mellom Norge og land i sør: der ein verksemd i Norge ønskjer å sende tilsette til land i sør, så skal dei også motta personell frå verksemder i sør til arbeidsplassen sin i Noreg.

Sidan 2001 har så over 9000 personar kryssa landegrenser både mellom land i det globale sør, til Noreg og attende. Gjensidig utveksling har blitt eit fundamentalt prinsipp i partnerskapet mellom verksemder i Norge og utvekslingsland støtta av Fredskorpset, og målsetjinga for utvekslinga vert definert av dei som sender og mottar bistanden saman. Dei som mottar ei gåve får gi ei tilbake. Og slik pågår utveksling mellom verksemder år etter år etter år.

Dei siste 14 åra har Fredskorpset gjennomført brukarundersøkjingar blant fredskorpsere som har vore på utveksling og blant dei som har mottatt personell - institusjonar, organisasjonar eller private bedrifter. Vi har så spurt: når i dette samarbeidet med utveksling av folk er det verksemdene har opplevd at dei har vekse institusjonelt, har fått styrka sine rutiner og utvikla sin organisasjonskultur slik at verksemda fungerer betre, så seier den store majoriteten at det er når dei får sine eigne medarbeidarar tilbake frå utveksling dei ser vekst; det er når kompetansen kjem tilbake dei ser utvikling.

Sjølvsagt så bidrar fredskorpsere fra Noreg når dei jobbar ute, og like sjølvsagt leverer fredskorpsere frå andre land viktig kompetanse frå seg når dei er på utveksling. Men måler vi bærekraften i institusjonane og dei vedvarande resultata på arbeidsplassen er det når fredskorpserne kjem heim og leverer frå seg det dei har lært ute at verksemdene rapporterer på vekst.

Gåver er viktig, men la alle som driv med bistand lytte til Mauss og så jobbe for at gåva skal kunne verte gjengjelda.

Skrevet av Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset