I haust flytta vi inn på nye kontor i Førde, og fekk eit nytt namn: Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).  Som Norec skal vi bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av unge leiarar. I dette arbeidet ønskjer vi å ha ein trainee med på laget. Vi søker nysjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonale utvekslingssamarbeid.

Vi garanterer utfordrande og varierte arbeidsoppgåver! Avdelingane våre jobbar med utviklingsprosjekt i 25 land, og som trainee vil du få prøve deg i alle avdelingane, seier direktør Jan Olav Baarøy om traineestillinga.

Norec er eit statleg forvaltingsorgan under Utanriksdepartementet og ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer. Hovudoppgåva vår er å forvalte tilskot til internasjonale partnarskap som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette. I 2017 var 200 organisasjonar og verksemder frå 25 ulike land involvert i 67 ulike partnarskap.

Les historia om Norec her

 

Direktør Jan Olav Baarøy.

Som trainee hos oss vil du først og framst få prøve deg innan leiarstøtte. Du vil jobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sitt fagfelt, og arbeidsoppgåvene vil variere frå tilskotsforvalting, kursverksemd og nettverksbygging til kommunikasjon.

 For oss er det heilt supert å få inn nyutdanna rett frå skulebenken, for det perspektivet har vi ikkje no. Dessutan meiner vi at traineeordninga er ei god moglegheit for verksemder i fylket, og vi er glade for å ta del i denne ordninga. Vi er komne for å bli, og det er fint å vere blant dei som har eit tilbod til nyutdanna som vil flytte hit, seier Baarøy.

Søknadsfrist fredag 1. mars 2019. Du kan lese stillingsbeskrivinga og søke på Framtidsfylket.

Har du spørsmål? Då kan du kontakte avdelingsdirektør Morten Rørvik på 910 05 509 eller morten.rorvik@fredskorpset.no.