Den regionale partnersamlinga har hatt presentasjonar av prosjekta og gruppearbeid på programmet, og har gitt ei god forståing av utveksling som metode. 

Ungt leiarskap og meir berekraftig utvikling 

Deltakarane kom frå organisasjonar med ulike fokus og arbeidsmetodar, men med to ting til felles: dei er alle sivilsamfunnsorganisasjonar med utvekslingar gjennom Fredskorpset sitt voluntørprogram, og dei fokuserer alle på ungdomsdeltaking og ungt leiarskap.

Målsettinga med partnarsamlinga var diskusjonar av utvekslingsrelaterte spørsmål og fagleg påfyll. I tillegg, og kanskje endå viktigare, ei deling av erfaringar og inspirasjon med tanke på å bygge eit tettare samarbeid og nettverk for asiatiske partnarar.

Manish Kumar frå India vil nå fleire bønder

For partnarkontakt Manish Kumar (til høgra foran på gruppebildet) frå organisasjonen Parmath Samaj Sevi Sansthan, har dette siste vore den mest verdifulle erfaringa under partnarsamlinga.

«Her har eg snakka med andre organisasjonar som jobbar med miljøspørsmål, og eg vil gjerne halde kontakten slik at me kan lære meir av kvarandre».

Kumar ønskjer også betre samarbeidsstrukturar mellom dei asiatiske partnarane. Dette var hans første partnarsamling og han understrekar moglegheitene som oppstår ved å samle organisasjonar frå ulike land.

På spørsmål om kvar han ser organisasjonen og prosjektet om tre år seier Kumar at han håpar organisasjonen når endå fleire bønder. Nord-India er råka av ei alvorleg tørke og påfølgande vasskrise som fører til svolt, migrasjon og store utfordringar for lokale bønder, fortel han. Kumar håpar å nå jordbrukarar og unge i endå fleire landsbyar slik at fleire kan fokuserer på berekraftig jordbruk og effektiv bruk at vatn.