Blogg 4 – Ungdomsferdigheiter.

Omlag halvparten av innbyggjarane på det afrikanske kontinentet er under 24 år. Det utgjer om lag 500 millionar menneske. Omlag 200 millionar av dei er mellom 15 og 24 år – som er FNs definisjon av ungdom.

Historisk er omgrepet «ungdom» nytt. I Norge for 100 år sidan var du barn fram til du vart konfirmert, slutta på skulen, eller fekk barn sjølv. Så gjekk du rett frå å vere barn til å bli vaksen med alle dei krav og plikter det medførte.

Slik er det framleis for mange barn i verda. Mange går glipp av denne viktige perioden mellom barndom og vaksenlivet. Av dei 200 millionane afrikanske ungdomane er det dei færraste som går på skule og har fast jobb. Dei fleste av dei har sjølve fått barn og må difor forsørgje sin nye familie.

I fleire land som er definert som utviklingsland eller låginntektsland er så mange som 75% av ungdomane (15 – 24) arbeidsledige. Det betyr ikkje at dei ikkje jobbar og utføre oppgåver. Det betyr at dei ikkje har jobbsikkerheit, føreseieleg inntekt, og forsikringar til å dekkje tap ved sjukdom. Når vi ser på ei knippe av dei landa der majoriteten av ungdom er uutdanna og arbeidsledige, ser vi at dette også er land der det er stor politisk uro. Namnet på den militante gruppa Al-Shabaab, med utspring i Somalia, betyr «dei unge». Eit tydeleg uttrykk for misnøye med sin eigen, sitt folk og sitt lands situasjon.

Jobbskaping og utdanning i utviklingsland er eit av kjerneområda i norsk utviklingspolitikk. I 2016 vart det bestemt at 500 millionar kroner av utviklingsbudsjettet i åra framover skal gå til jobbskaping og utdanning relatert til jobbskaping i utviklingsland.

Fredskorpset er midt i dette arbeidet. Vi legg til rette for utveksling mellom verksemder som skapar arbeidsplassar og gjev ungdom nye ferdigheiter for å sikre seg jobb. Her samarbeider privat sektor og offentlege institusjonar hand i hand for å få til mest mogleg for flest mogleg.

Modellen vår er unik fordi det er partnarane som fortel oss kvar skoen trykker. Dei veit kva som manglar sitt lokalsamfunn. Dei har også kunnskap om kva mogelegheiter som finst dei ulike stadene. Mange er del av lokale og nasjonale nettverk av organisasjonar og næringsliv. Gjennom utveksling lærer ein av andre med liknande utfordringar, eller andre som har løyst desse utfordringane.

Fredskorpset går det neste året i møte med mål om at fleire ungdomar i verda får oppleve at deira ferdigheiter vert sete pris på og nytta til utvikling for seg sjølv, sin familie og sitt lokalsamfunn.