Fredskorpset har føretatt ei lang reise. I 1963 vart det første fredskorpset sendt ut frå Noreg. Stortinget vedtok utsendingane, og eit lite kontor blei etterkvart etablert for å administrere. Sidan 80-talet har namnet Fredskorpset famna om heile utvekslingsordninga – både dei som reiste ut, og dei som administrerte heime i Noreg. 

I 2000 vart Fredskorpset eit sekretariat styrt av partnarar. Målet var å få ei gjensidig utveksling av kunnskapsrike menneske gjennom partnarar som institusjonar, organisasjonar og selskap. I perioden fram til 2018 vart vi eit forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Kjerneverksemda vår var å fordele tilskot til utveksling, samt rettleiing, kursing og oppfølging. Vi la vekt på solide og langsiktige partnarskap, prega av gjensidigheit og tillit. 

Ei ny tid

Då styret i år 2000 la fram eit forslag om nytt namn på Fredskorpset, var det fordi det ikkje lenger vart sendt ut eit fredskorps på tradisjonelt vis. Den gongen fekk ikkje namneskiftet politisk medhald, men i 2018 kom det igjen på dagsordenen. Organisasjonen var gjennom ein god namneprosess, og det vart avgjort at vi skulle heite «Norec». Namnet står for Norwegian Agency for Exchange Cooperation, eller Norsk senter for utvekslingssamarbeid.

For oss er det viktig at det nye namnet skulle synleggjere at vi er ein norsk statleg aktør som operer på den internasjonale arenaen. Det meiner vi Norec gjer. Vi skal framleis legge til rette for gjensidige utvekslingsprogram i solide partnarskap på tvers av landegrensene. Men vi skal også bruke våre 55 år med erfaring til å skape noko nytt. Vi skal bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.