12. september er det 40 år sidan FNs handlingsplan for samarbeid mellom land i det globale sør vart signert av 139 land. Dette markerar FN ved å gi ut ei bok der dei har samla dei beste og mest velluka døma på sør-sør-samarbeid frå heile verda.

Norec har bidratt med ein artikkel om resultat og erfaringar om sin unike metode for utvikling: Gjensidig utveksling. 

Klikk her for å lese meir om korleis Norec jobbar med sør-sør. 

– FN er interessert i vår metode fordi det er gjensidigheit i praksis. Mykje av verdas sør-sør-samarbeid er framleis i dag prega av å vere i tradisjonell bistandsform, der du har ein donor som legg føringar for kva mottakaren skal bruke ressursane på. Likeverdige sør-sør-samarbeid tek vekk denne ubalansen i maktforholda, forklarer Helge Espe, seniorrådgjevar i Norec.

Klikk her for å lese PDF av boka Good practices in South-South Cooperation. 

Visegeneralsekretær i FN Amina Mohammed var hovudtalar under boklanseringa i New York, onsdag 12. september. Foto: Skjermdump, FN

FN har understreka at nøkkelen til å nå bærekraftsmåla innan 2030 er samarbeid og likeverdige partnarskap. Desse verdiane utgjer grunnsteinen i Norec, og ligg som eit solid grunnlag i alle prosjekt Norec forvaltar.

Ein stor del av desse prosjekta er sør-sør-samarbeid. Det vil seie at to eller fleire organisasjonar eller bedrifter i to eller fleire ulike land i det globale sør, samarbeider om å nå felles mål. Nokre av desse prosjekta er triangulære, det vil seie sør-sør samarbeid organisert av ein donor i Noreg.

– Det har Fredskorpset jobba med sidan 2001, og er Noregs leiande aktør på feltet. Noreg ligg på fjerdeplass i OECD når det gjeld tilrettelegging av sør-sør-samarbeid, mykje på grunn av prosjektporteføljen til Norec, seier Espe.HAR MEDVERKA: Deler av leiinga i Norec. F.v.: Seniorrådgjevar Helge Espe, programdirektør Marit Bakken og direktør Jan Olav Baarøy. Espe og Bakken er forfattarane bak artikkelen i FN-boka.

Sør-sør samarbeid styrker utdannings- og helsetilbod og hever livskvaliteten i utviklingsland. Det samlar og utviklar kunnskap som er naudsynt for å oppnå berekraftig utvikling. Norec vil bidra til å forvalte og støtte gjensidige utvekslingsprosjekt mellom partnarar i Sør, slik Fredskorpset har gjort dei siste 18 åra.

I denne perioden har meir enn 3000 unge menneske reist på utveksling. Ekspertisen og kunnskapen opparbeida gjennom dette arbeidet dannar grunnnlaget for at Norec no skal bli eit kompetansesenter for utveksling og sør-sør samarbeid.