Direktøren i Språkrådet let seg fange i den etnosentriske labyrinten når ho i Dagens Næringsliv 24. september kritiserer verksemder for å velgje engelske og motenamn med «Nor». Korleis vi som hovudsakleg jobbar med land og menneske, som ikkje snakkar norsk, skal kommunisere vårt virke, seier ho ingenting om. 

Den første januar neste år får Fredskorpset nytt namn. Frå då av heiter vi Norsk senter for utvekslingssamarbeid. Då langt over halvparten av alle vi kommuniserer med ikkje snakkar norsk, har vi også eit engelsk namn som er: Norwegian Agency for Exchange Cooperation. Sidan vi enkelt ønskjer å kommunisere med omverda om kven vi er, har vi laga eit akronym av det engelske namnet – NOREC.  

Les meir om bakgrunnen for namneendringa: Fredskorpset var namnet på korpset av hjelpearbeidarar som reiste ut i 1963. Verda har endra seg mykje sidan den gang. 

Statens fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, likar ikkje «Norec». Det er nonsense, seier dei, ironisk nok. I ein komande artikkel i Statsspråk klagar direktør Åse Wetås på tre ting ved at Fredskorpset skiftar namn: 

1. Norec er ueigna til å fortelje kva institusjonen driv med.

Til det vil eg svare at det kan berre tida vise. Vår erfaring med å kommunisere Norec - og i neste setning, forklare kva bokstavane står for - gjer at vi presenterer både at vi er norske og at vi jobbar med utveksling. Dette i seg sjølv er eit sjumilssteg i god, enkel kommunikasjon for oss. Tidlegare har vi sagt at vi er frå Fredskorpset. Deretter har vi måtte forklare at vi ikkje er eit korps, og at vi ikkje jobbar direkte med fredsspørsmål, at vi ikkje er ein frivillig organisasjon, og at vi faktisk driv med utveksling. Om Wetås tykkjer at Norec er ueigna til å fortelje kva vi driv med, kan eg trøyste ho med at både tilsette, partnarar og andre kontaktar av Norec skjønar det. Det er trass alt det viktigaste.

2. Norwegian Agency for Exchange Cooperation kan knapt seiast å vere eit norsk namn.

Det har ho heilt rett i. Det er engelsk. Over halvparten av alle dei vi kommuniserer med, les og skriv engelsk. Vi er ein del av det norske utviklingsarbeidet. Vår oppgåve er å få institusjonar i Noreg og i utviklingsland til å samarbeide for ei betre verd for alle. Vi er underlagt Utanriksdepartementet, og blir styrt av dei på same måte som Norad (The Norwegian Agency for Development Cooperation). Skal vi få gjennomført vårt mandat, må vi kommunisere på eit språk folk flest skjønar. Her kjem vi langt med engelsk, kort med norsk. 

3. Språkrådet har ikkje blitt konsultert i namneprosessen.

Her tek eg sjølvkritikk. Det kunne vi gjort. Men eg var fleire gongar inne på språkrådet.no og søkte etter tips til namneendring (og eg søkte både på bokmål og nynorsk). Eg fann berre ein artikkel frå 1997, om endring frå Kristiania til Oslo. Rundskrivet frå Språkrådet til departementa om namnelaging i staten frå juli 2016, har ikkje blitt delt med oss, eit underliggande etat. Her kan kanskje Språkrådet jobbe for meir offentlegheit. 

Uansett. Etter å ha lese argumentasjonen til Språkrådet, tvilar eg på om konsultasjon før namneendringa hadde hatt noko føre seg. Til det er mandata til etatane våre så altfor ulike. Norec skal jobbe for at FNs berekraftsmål for 2030 vert oppfylt av Noreg og våre samarbeidsland. Til det treng vi eit namn som fungerer. Forkortinga Norec, saman med vårt norske og engelske namn, har så langt gitt oss god hjelp. 

Når det er sagt, forstår vi godt kva Språkrådet meiner her. Og vi skal strekke oss langt i å følgje tilrådingar derfrå, til dømes når det gjeld klarspråk og tekstar på nynorsk. Det er viktig! Men vi må kunne føreta val som gjer jobben vår enklare, sjølv om det blir på engelsk. 

- Jan Olav Baarøy, direktør i Norec