Meldinga er venta på, lengta etter og gjev fleire signal om kva Noreg vil dei neste åra med bistandsbudsjettet.

Reelle partnarskap

I meldinga si innleiing vert det understreka at vår - Noreg - si utviklingssinnsats skal bidra til å oppfylle måla for 2030 og dei 17 bærekraftsmål 193 land i verda signerte under FN sitt toppmøte i 2015. 2030-agendaen skil ikkje lenger langs den tradisjonelle aksen utviklingsland og utvikla land, den løfter ikkje opp gjevarland vs. mottakarland, men fokuserer på gjensidig samarbeid og reelle partnarskap. Men kva betyr eigentleg ”reelle partnarskap”? Betyr det å ta felles ansvar for feil? At vi stiller uselvisk opp for kvarandre? At vi står side ved side i gode og vonde dagar? Fredskorpset har dei siste 17 åra utvikla kurs for verksemder i Noreg, partnarland og andre land der vi systematisk går igjennom erfaringar, deler utfordringar og finn felles løysingar på samarbeidet slik at det vert opplevd som eit reelt partnarskap. Som eit kompetansesenter for utveksling mellom institusjonar skal Fredskorpset ta ein aktiv rolle i definisjonen og utforminga vidare av reelt partnarskap i utviklingssamarbeidet.  

Gjensidigheit på bortebane?

Meldinga kjem innom gjensidigheit i kapittel 2.2 og skriv at det er eit grunnleggjande trekk som partnarskapet skal byggjast på; at det er eit gjensidig ønskje om utvikling, der partnarland si politikk og planar skal kunne diskuterast, og vurderingar om korleis norsk innsats kan sjåast i samanheng med andre - privat næringsliv, det sivile samfunn eller globale institusjonar. Dette er bra. Men skapar denne innstillinga reelle partnarskap når det som er gjenstand for gjensidigheit for det meste finn stad på bortebane — og er det då gjensidigheit? Det er svært bra at meldinga nyttar eit språk som legg opp til større, til dels stor grad av samstemtheit i vår verksemd med andre land. Men eg saknar ei djupare problematisering av kva reelt partnarskap og gjensidigheit skal vere dersom vi tek Agenda-2030 heilt ut og spurde: Kva kan vi lære av andre? Korleis kan mottakarar av norsk bistand bringe kunnskap og kompetanse tilbake til Noreg? Først ved å stille og svare på slike spørsmål kan vi nærme oss gjensidigheit som prinsipp og reelt partnarskap som utgangspunkt i definisjonen av partnarland.

Konsentrasjonsøvinga

Norsk bistand har vore, og framleis er, spreidd vidt tematisk og geografisk. Meldinga tek til orde for at konsentrasjonen skal intensiverast og bistand skal kanaliserast i retning partnarland og i retning det som skjer igjennom Kunnskapsbanken. Meldinga framhever at: «Det er når de ulike virkemidlene sees i sammenheng over tid at Norges innsats kan skape synergier og gi enda bedre resultater».  Sett frå eit forvaltningsmessig ståstad og frå eit fagteknisk perspektiv gjev det meining i å konsentrere stat-til-stat bistand. Kompetanse og kunnskap om like tema og land vert større, nettverk som går djupare og lengre i tid kan etablerast og bindingane til partnarland kan verte større. Men vi må vere obs på at konsentrasjon ikkje vert ei matematisk øving der nemnaren i brøken (partnarland) skal bli så liten som råd for at teljaren (oss) skal verte relativt større. For det er så alt for mange andre (land) som også er ein partner med det landet Noreg vel som partnarland, med ditto krav om merksemd og prioriteringar, til at vi kan tru at Noregs midlar — enn så konsentrerte vi har gjort dei — utgjer eine og åleine ein stor nok forskjell i dei land dei vert nytta. Reelle partnarskap i utviklingssamarbeidet opnar de facto opp for fleire aktørar enn dei vi har på vår liste.

Eg gleder meg på Fredskorpset vegne å ta meldinga vidare i dialog med våre partnarar i Noreg og i andre land når vi saman skal utvikle reelle partnarskap som sikrar at over 600 deltakarar kvart år bur og jobbar hjå ei verksemd i eit anna land, og lar seg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn dei gav, får dei att (fritt etter Haldis Moren Vesaas).

Skrevet av Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset.