Hennar feltarbeid blant menneske i Stillehavet med fokus på ungdom og utvikling har fram til vår tid vore grunnleggande i antropologiens studiar av mennesket. Eit av Margaret Mead sine mest kjende utsegn er: Never doubt that a small group of thoughtful, committed citizens can change the world; indeed, it's the only thing that ever has. 

Eg tenkjer ofte på dei første møtene, dei tilfeldige treffa, dei som vart starten på noko stort. Tenk for eksempel på de første utforskande samtalene mellom Bill Gates og Paul Allen - det som så skapte Microsoft; tenk på dei første møtene mellom Sergey Brin og Larry Page, som så starta Google; eller tenk på diskusjonane Simon de Beauvoir hadde med andre kvinner og menn som så la grunnlaget for hennar tenking, forfattarskap og aktivisme for likestilling og kvinners rettigheitar? La gå at dette er suksesshistorier, men - det veit vi først no, mange, mange år etter at møtene fant stad.

Fredskorpset organiserer møte mellom menneske. Vi inviterer bedrifter, institusjonar og organisasjonar som har samarbeid til å utveksle deira tilsette eller deira medlemmar. Fredskorpset held så kurs som førebur dei som reiser ut til å stå rusta til å møte ny kultur, nye kollegaer og nye forventningar. Og, like viktig, vi held kurs som førebur fredskorpsarane til å reise heim. For returen er ofte nesten like vanskeleg som turen ut.

Stortingen har vedtatt at Fredskorpset skal leggje til rette for møte mellom menneske på tvers av land, organisasjonar, kulturar og verksemder. Dette møtet skal vare opp til 12 månader, som er ein så lang periode at dei som reiser ut må setje seg inn i kvarandre sine liv, lære andre folk å kjenne, få idear til nye verksemder og knytte kontakt sterk nok til å vare lenge.

Alle verksemder som rekrutterer fredskorpsdeltakar skal ha ei overordna målsetjing med utvekslinga av personell, altså ei målsetjing som går utover sjølve møtet mellom to eller fleire. Det kan være organisatorisk utvikling som forbetring av administrative rutinar, betre kompetanse til å drive med lobbyarbeid eller etablering av arbeidsplassar. Men om dette skjer, veit vi ikkje ofte før fleire år etter at utvekslingane har funnet stad. Like lite som at Bill Gates visste den gang da han starta Microsoft at dette ville bli eit av verdas mest verdifulle selskap.

Fredskorpset utviklar kontinuerleg vår metode for å førebu over 600 menneske kvar år til å reise på tvers av land med det formål å skape vekst, forståing, lærdom og kunnskap til å ta med tilbake i utviklinga av eige liv og verksemd. Også blant desse er det små og store resultat som ein gong kan verte banebrytande. 

Skrevet av Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset.