Førdefestivalen og Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) vil prøve å gi nokre dømer på dette med ein paneldebatt fredag 16. november i Førdehuset.

- Førdefestivalen er eit døme på en institusjon i byen som rekk ut over landegrensene og bringer verda til Førde. Vi i Norec gjer det same, og utvekslar årleg meir enn 600 deltakarar mellom 25 land, seier Helge Espe, seniorrådgjevar i Norec og ein av paneldeltakarane.

United World College i Fjaler deltek også i paneldebatten. Kvart år tek dei imot over 200 elevar i alderen 16-18 år frå 85 land. Gjennom det nyetablerte tilbodet UWC Connect jobbar dei for fleire treffpunkt mellom sunnfjordingane og elevane ved skulen. Direktør Arne Osland deltek saman med leiar for UWC Conncet, Leonora Laukeland Kleiven. 

Ordførar i Førde Olve Grotle vil presentere dei internasjonale aktivitetane til Førde kommune. Kommunen vart i 2006 utnemnd til Internasjonal kommune av det dåverande Fredskorpset. Kva er status 12 år seinare?

Ein enkeltperson som verkeleg har gjort Sunnfjord til sitt eige er Adam Dean. Han kom frå Syria som flyktning i 2015. Sidan den gong har han rukke så sy seg sin eigen Sunnfjordbunad, blitt styremedlem i Røde kors og arbeide som morsmålslærar i arabisk på fleire skular. Alt dette har gitt han ein god oversikt over det internasjonale i Sunnfjord, særskilt det som har med born og ungdom å gjere.

- Vi håpar denne panelsamtalen kan vise korleis internasjonale aktivitetar, institusjonar og tematikkar heng saman. Dei neste 12 åra har verdssamfunnet sikta seg inn på å forbetre situasjonen for klima, fattigdom og levekår generelt. Dette kallar vi «Agenda-2030», og sjølv om mange trur at dette er eit arbeid som mest av alt gjeld utviklingsland, så er det og særs viktig for land som Noreg.

- Vi håpar vi kan så eit frø gjennom denne panelsamtalen for eit publikum som kjem frå skuleverket. Dei er med på å forme dei som er unge no, og som skal vere med på å ta denne agendaen vidare, i verda og i Sunnfjord, avsluttar Espe.

Debatten vert arrangert som eit oppspark på Bornas verdsdag den 17. november.