Bistands- og utviklingsminister Nikolai Astrup annonserte namneendringa saman med direktør i Norec Jan Olav Baarøy under den offisielle opninga av dei nye lokala i Førde 16. august 2018.  

Norec skal verte eit kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Norec skal bygge vidare på Fredskorpsets 55 år lange historie og ekspertise innan utveksling og internasjonalt samarbeid. Namneskiftet gjer det meir tydleg at Norec er ein statleg norsk aktør som arbeider på den internasjonale arenaen.

Les historia om Norec her

 

– Føremålet er å gjere verksemda til ein meir integrert del av Norges utviklingsinnsats, seier Astrup.

– I Førde skal organisasjonen utvikle seg vidare til å verte eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid. På Vestlandet finner vi leiande internasjonale miljø, store klyngesamarbeid og eit framtidsretta næringsliv som Norec kan dra nytte av.

Utviklingsminister Nikolai Astrup og direktør i Fredskorpset Jan Olav Baarøy etter avdukinga.

Norec: Eit kompetansesenter for utveksling på tvers av land og fag

Dei tilsette har solide fagkunnskapar og innsikt frå det tette samarbeidet dei har hatt med deltakarar og partnarar over fleire år.

– Norec skal samle eit mangfold av verksemder frå privat næringsliv, organisasjonar og institusjonar, frå inn- og utland. Desse skal byte arbeidskraft for å gjensidig styrke kvarandre, sier Astrup.

– Samarbeid er fundamentalt for å oppnå utvikling i verda, ikkje berre på tvers av landegrenser, men også på tvers av sektorar og offentlege/private aktørar. Utvekslingsprogramma skal byggast slik at deltakarane medverkar til fagleg utvikling både under utvekslinga og når dei er tilbake i eige samfunn, held han fram.

Norec skal bygge vidare på kulturen som prega Fredskorpset – karakterisert av innovative idear, utfordring av etablerte sanningar og kritisk tenking rundt utvikling. Fredskorpset var tidleg ute med å forstå at ein må tenke bredt rundt bistand, forstå komplekse årsaksforhold og ringverknader og at fokuset må ligge på gjensidig utvikling og samarbeid. Til dømes er Fredskorpset den leiande aktøren i Noreg for tilrettelegging av triangulært samarbeid og sør-sør samarbeid.

Dette ligg no til grunn for berekraftsmåla til FN, vedtatt i 2015. Norec er stolte av å ha vore Fredskorpset, og at ein kan vise til ei historie prega av å ha vore heilt i tet.

Nye lokale i Førde gir tett tilknyting til kompetansen og fagmiljøet på Vestlandet

Flyttinga er del i regjeringas arbeid for å styrke arbeidsmarknadane og tilknytinga mellom ulike stader i Norge, samt skifte fokus vekk frå Oslo og over til ressursane og moglegheitene som finst i resten av landet.

– Ein god porsjon nye tilsette møtte opp første arbeidsdag her i forrige veke. Vi har no blitt kjent og sett at dette skal fungere bra, seier direktør Baarøy.

– Ein god porsjon tilsette vart også med frå Oslo, og vi er veldig glade for å ha med oss eit utval av personar som har betydd og vil bety mykje for oss i åra som kjem.

Åpninga av nye lokale skjer berre eit drygt år etter det vart annonsert at Fredskorpset skulle flyttast til Førde. Gjennom flytteprosessen har Fredskorpset halde fram med verksemda si som før. Overgangen frå Oslo til Førde har vore effektiv og relativt problemfri, takka vere dedikasjonen til gamle og nye tilsette.

– Vi har prøvejobba i det skjulte dei siste 14 dagane, testa det ut og vurdert at dette skal fungere ganske bra, seier Baarøy.

– Fredskorpset er i dag i sin beste alder: 55 år, nyleg flytta inn i freshe lokale, godt mottatt av sine nye naboar og klar for nye oppdrag som Norec, seier han.